NMBU REALTEK, INF205, 2024 (vår): Glossar
Destruktør m.
Definisjon: Metoden som vert kalt idet eit objekt blir deallokert.
Sjå òg: Konstruktør, objektorientert programmering.
Kompilering f.
Definisjon: Kompilering er prosessen med å omsetja ein menneskeleg lesbar kjeldekode til ein maskinkode på lågare nivå. Det gjerst med ein kompilator.
- I C/C++ vert kompilatoren anvend på kjeldefiler; i C++ får desse filene vanlegvis filending *.cpp, *.cxx eller *.C. Kompilatoren vert ikke direkte anvend på header-filer (som vanlegvis få *.h-ending).
- Maskinkoden laga igjennom kompilering av ei kjeldefil med ein C/C++-kompilator kallast for objektkode; slik kode blir lagra i objektfiler, som vanlegvis får *.o-filending.
- Objektfilene som blir produsert ved kompilering er ikkje kjørbare av seg sjølve: Dei må lenkjast saman til ei frittståande kjørbar fil.
Sjå òg: Namnerom, typing.
Konstruktør m.
Definisjon: Metode som er kalt idet eit objekt blir allokert.
- Viktige spesialtilfelle diskutert i forelesningane omfattar kopikonstruktørar ("3-regelen": Definer kopikonstruktøren saman med ein overlagra kopitilordningsoperator) og flyttekonstruktørar ("3-regelen": Definer flyttekonstruktøren saman med ein overlagra flyttetilordningsoperator).
Sjå òg: Objektorientert programmering, typing.
Namnerom n.
Definisjon: Eit namnerom er ei mengde av namn, dvs. av faste nemningar for funksjonar, variablar, klasser, osv.; namnerom og namna dei inneheld er globalt tilgjengelege, dvs. frå kor som helst i kjeldekoden.
- For å få tilgang til namn Y definert i namnerom X, skriv ein X::Y.
- Gjennom using namespace X; blir alle namn frå X tilgjengelege utan prefiks.
Sjå òg: Kompilering, objektorientert programmering, procedyreprogrammering.
Peikar til ingenting m.
Definisjon: Ein peikar til ingenting er ein peikar med ein verdi som ikkje svarar til ei gyldig minneadresse (utan at det var hensikta, og blir handtert på ein ansvarleg måte).
- Den ugyldgige verdien er oftast nullptr, dvs. minneadressa 0x00000000000000000. Denne verdien vert ofte tildelt med hensikt, for å markere at peikaren ikkje peikar på eit dataelement. Men i slike tilfelle lyt peikaren aldri derefererast medan sin verdi er nullptr; han bør heller beskyttast gjennom en if-klausul som if(p != nullptr) { … }. Obs: Så lenge det blir handtert korrekt, vert ein nullpeikar ikkje sett som noko problem.
- Feil peikararitmetikk kan vera ei anna årsak, t.d. ved dereferering av ein arrayindeks utafor det valide verdiområdet.
Sjå òg: Peikar, statisk array.
Referanseoverføring f.
Definisjon: Referanseoverføring er ein måte å overføre eit funksjonsargument på, slik at den kalla funksjonen får tilgang til det opphavlege dataelementet, på samme minneadresse, i staden for å motta berre ein kopi.
Sjå òg: Peikar, verdioverføring.
Typing f.
Definisjon: Typing er mekanismen for korleis eit dataelement blir tildelt ein datatype.
- Statisk typing tildeler typar ved kompilering, medan dynamisk typing tildeler dei under kjøretid. C/C++ bruker statisk typing.
- Eksplisitt typing krever at programmeraren spesifiserer datatypen ved deklarering av ein variabel; implisitt typing krever ikkje dette. C/C++ bruker eksplisitt typing; i moderne C++ kan nøkkelordet auto brukast i visse tilfelle i staden for ein eksplisitt datatype. Så bestemmer kompilatoren datatypen.
Sjå òg: Klasse, kompilering.
Litteratur
Index