INF205: Glossar

abstrakt klasse f., m., grensesnitt n.

destruktør m.

Definisjon: metoden som blir kalt idet eit objekt blir deallokert

diskret hendelsessystem n.

dynamisk bibliotek n.

Definition: bibliotek av kompilert programkode som er separat frå den køyrbare programfila, og kan ladast under køyretida og brukast saman med den køyrbare fila som ein einskap

eigarskap n., m.

entitet-relasjonsdiagram (ER-diagram) n.

Definisjon: "modell for å beskrive datastrukturer i databaser som danner en logisk beskrivelse av databasens innhold og oppbygning" (NHHs termbase for økonomisk-administrative fag på termportalen.no)

femarregelen m.

flytting f.

forhold n.

Definisjon: instans av ein forholdstype som uttrykker eit fakt om to eller fleire konkrete individ (objekt)

forholdstype, relasjon m.

Definisjon: tilknyting av konsept som beskriv korleis individ som tilhøyrer den respektive klassen kan forhalde seg til einannan

global variabel m.

Definisjon: variabel som er tilgjengeleg gjennom eit namn med uavgrensa gyldigheitsområde; namn til slike variablar kan oppløysast overalt i kjeldekoden

graf m.

Definisjon: "samling noder (punkter) og kanter (linjer) som forbinder noen, eller alle, av nodene" (T. Aambø i SNL om grafteori)

haug m. [minnehandtering]

Definisjon: minneområde der data blir allokert dynamisk, utan direkte tilknyting til kallstakken

kallstakk, programstakk, stakk m.

klasse f., m.

Forklaring: "En klasse definerer en datatype og beskriver innhold og egenskaper til objekter av denne datatypen. Klassens datafelter er lagerenheter for objektets verdier, og klassens metoder beskriver operasjonene som kan gjøres på eller av objektene" (frå E. H. Vihovde sitt SNL-bidrag om objektorientering).

kollektiv operasjon m.

kommandolinjeargument n.

kompilering f.

Definisjon: prosessen med å omsetja ein menneskeleg lesbar kjeldekode til ein maskinkode på lågare nivå; det gjerst med ein kompilator

kompleksitetsklasse f., m.

konstruktør m.

Definisjon: metode som blir kalt idet eit objekt blir allokert

konteinar, container m.

kunnskapsgraf, ABoks m.

Definisjon: graf der nodar er individ og kantar er binære forhold mellom individ

m.

lastbalansering f.

lenkja liste f.

meldingsoverføring f.

mellomvare f.

minnekompleksitet m.

namnerom n.

Definisjon: globalt tilgjengeleg mengde av namn, dvs. av faste nemningar for funksjonar, variablar, klasser, osv.

node m. [ROS]

objekt n.

Definisjon: "grunnstein […] i objektorienterte datasystemer; […] lukket modul bestående av data og behandlingsregler" (E. H. Vihovde i SNL)

objektorientert programmering f.

Definisjon: "form for dataprogrammering der dataprogrammene organiseres i en struktur med klasser og objekter som minner om hvordan vi organiserer virkeligheten rundt oss" (E. H. Vihovde i SNL).

overlasting f.

Definisjon: bruk av fleire funksjonar med same namn og forskjellige parametertypar

peikar m.

Definisjon: variabel med ein minneadresse som verdi

peikar til ingenting m.

Definisjon: peikar med ein verdi som ikkje svarar til ei gyldig minneadresse (utan at det blir handtert på ein ansvarleg måte)

Petrinett n.

rang m. [parallel programmering]

referanseoverføring f.

Definisjon: måte å overføre eit funksjonsargument på slik at den kalla funksjonen får tilgang til det opphavlege dataelementet, på samme minneadresse, i staden for å motta berre ein kopi

samtidigheit f.

sjablong, template m.

stakk m.

statisk array n., m.

Forklaring: Eit array er ein variabel som er lagra i ein samanhengande region i minnet, og som kan innehalde eit fleirtall av elementære variablar eller objekt. Eit statisk array er berre det, utan noen funksjonalitet i tillegg, i motsetning til eit dynamisk array, som i tillegg har ein storleik som kan tilpassast.

sterk skalering f.

svak skalering f.

synkronisering f.

tidskompleksitet m.

tilstandsdiagram n.

tre n.

Definisjon: hierarkisk lenkja datastruktur gjeven som graf der det er nøyaktig éin sti mellom kvart par av nodar

trearregelen m.

typing f.

Definisjon: mekanisme for korleis eit dataelement blir tildelt ein datatype

verdioverføring f.

Definisjon: måte å overføre ein verdi til ein funksjon idet verdien blir kopiert (kopien blir lagra i kallstakken); funksjonen får ikkje tilgang til den opphavlege minneadressen

Indeks